Stavset skule og rehabilitering

 

Dei som fylgjer prosjektet frå grendalaget si side er Svein Stavset, Kjetil Standal og Eldbjørg Tvergrov. Me kjeme tilbake til denne saka etterkvart.

 


Nyhende frå 30- juli 2009:

 

Hjørundfjord Kulturvernlag held møte på Stavset skule torsdag 9. juli 2009. Dei vil sjå på kva dei i samarbeide med grendalaget kan gjere for å sikre bygget.

 

Kulturvernlaget har forslått at grendalaget saman med dei opprettar ei mindre prosjektgruppe som ser på utfordringa Stavset skule. 

Leiar Synnøve Hill i kulturvernlaget har alt teke nokre oppmundtrande telefonar med hensyn til interessa rundt prosjektet og høvet for å søke støtte... så då får vi ta det heile derfrå.

Det er gardane på Ytre Standal og Stavset som eig bygget så det er ut frå desse at tiltaka må kome.  Saka vil verte teken opp i neste grendalagsmøte.

Skulen er for øvrig unik - i allefall i Møre og Romsdal kan dei stadfeste på fylket... så skal me også prøve å finne ut av kor spesiell den også er i landsmålestokk. 

Linda og Svein Stavset var vertskap den fine julidagen og serverte laks og anna kortreist kost til kulturvernlaget sitt følge. 

Sjå meir på http://www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget