Aktivitetsdag under Naturfestivalen

 

 

Setra - Ytre-Standaldalen

4 august frå klokka 12.00 til 17.00 i samarbeide med Ørsta reiselivslag. Velkomen til turterrenget frå Ytre-Standal langs fjorden mot Årsneset,og frå grenda ved fjorden og framover i dalen til fjells mot Molladalsskaret. 

Vi presenterer - for mange - nye løypeval i noko av det flottaste som er av kombinasjonen fjell- og fjordlandskap her i landet.

Naturfestival-aktivitetsdag.pdf

PLAKAT

 

brua
Brua og snuplassen.

Det skjer mykje spennande på Ytre-Standal gjennom heile dagen. På parkeringsplassen ved brua vil det frå kl 11 vere folk som orienterer om dei ulike aktivitetane og turane.
Her kan ein også melde seg på.  Det er lokalkjend guide med på alle turane.

 

FJELLTURANE – SETERVANDRINGAR

Velg mellom tre aktuelle fotturar som alle starter klokka 12.00: 

1 Til fjells – Hauén og Molladalskaret:

Først grusveg og vidare sti til hovedsetra på ”Hauén” 3 km framme i Ytre-Standal. Om vêret er godt, går vi vidare til Molladalskaret. Vi reknar ein god time fram – stopp på sætra for rast og rolig gange ned att – i alt 2-3 timar. Gratis tur.

thumb_image08 thumb_setra-motsetretindane thumb_image07
Inn i terrenget bak setra
mot enten Kolåstinden
eller Molladalen.
Nesten framme ved Hauén og
hovedsetra i Ytre-Standaldalen
Merka og gode løyper
i terrenget.

 

 

 
2  Midt i dalen – Kagebakken:

thumb_kagebakken2 thumb_kagebakken-nilssel
Utsikt frå Kagebakken. Det restaurerte Nilsselet.

 

 

Vi går langs god grusveg til den vesle setra Kagebakken midt i dalen. Setrebygget er autentisk restaurert av Ragnar Standal og mange gode hjelparar. Etter ein rast går vi ned att langs elva på motsett side.
Heile turen tek ca 2 timar. Gratis tur.

thumb_Kagebakken1999-foer-start thumb_Kagebakken-restaurering2 thumb_Kagebakken1999-vedrestaureringa thumb_kagebakkselet-inne

Starten i 1999.

Ragnar Standal i arbeide. Mange gode hjelparar trødde til. Resultatet inne 1999.

 

3  Langs fjorden – Hjellane:

thumb_image41 thumb_image21 thumb_juni 012
Setra på Hjellane
(på turveg mot Ystenesdalen)
Litt av utsikta frå turvegen. Litt av landskapet langs ruta.

 

 

Vi går ut langs den gamle rydda vegen oppe i strandsida mot Ysteneset og den vesle setra Hjellane. Det vert høve til å krysse elva og gå heilt ut til Årneset. Turen tek alt i alt tre timar med god rast og forteljingar undervegs. Gratis tur.


 

 

Historie og gardsdrift på Ytre-Standal:

thumb_barnebok003 thumb_image32 thumb_brua2

 

 

 

 

 

Gardsvandringar kl 13.00 og kl 15.00. Gardsvandring på Ytre-Standal med tilhøyrande historiske byggverk.

Lær meir om bygda si utvikling gjennom kriser og oppgangstider. Har du høyrt historiaom då ein bonde frå Norang bytte gard med bonden på Støylen? Likt mot likt og begge godt nøgde. Lite visste konene kva som vart avtalt under Borgundfjordfisket den vinteren.

Roleg rusletur på ca 90 minutt. Det vert mellom anna lagt vekt på geitehaldet.

Industri: Omvisning på Marine Harvest settefiskanlegg

thumb_settefiskanlegg

 

 

 

 

 

 

 

 

På parkeringsplassen ved brua kan du melde deg på omvisning i eit produksjonsanlegg for smolt. På Marine Harvest si avdeling på Ytre-Standal er det produksjon av yngel og settefisk i ferskvassbasert akvakultur.
Første omvisning startar kl 12.00, deretter kl 14.00. Ved mykje pågang set vi opp ekstra omvisningar. Kom gjerne med førehandspåmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eler tlf 70 06 85 18. Gratis.

thumb_image33

 

 

 

 

Fiske: Småsei og krabbe
Prøv fiskelukka frå kaia og langs stranda nedanfor gardane på ”eigahand”. Ta med fiskestang. 

Film og bilete: Ytre-Standal – liv og lagnader
Det vert film (1943 – 1969) frå grenda og bildevisning ”non stop” denne dagen i Nilsgardsløa for den som vil sjå og lære meir.

Noko å bite i: Det vert ”open låve” med enkel servering.